Weather
• No precipitation • -2 °C • Fint vær med vinterlig luft. Frå 12 tida var det litt vind på dalbotn og ut Storfjorden, men det var vindstille i høgda.
Snow Cover
• No snowdrift • Some loose snow (1-10cm) • Dry • Snøen vart påverka av mildvær i førre veke og det har i ettertid fryst i kaldt vær. Det går frå at heile snøpakken er smelteomvandla og grovkorna nederst men det er eit stadig tynnare lag som er påverka av mildværet mot høgda. På ca. 900 moh er det ikkje skare lenger, noko høgare i brattare sørvendte heng der sola har tatt. Oppå har det kome noko nysnø i ettertid og mengda aukar med høgda. Det er ca. 1 cm nede, 10 cm på 1200 moh. Denne har begynt å omdanne seg til kantkorn, og der det berre er nokre få cm laussnø er alt blitt kantkorn. Om det kjem snø oppå dette blir dette svært ugunstig. Det er også kantkorn under skara mot høgda.
I høgda er finst framleis kantkornlaget som vart danna i påska og snødde ned i ettertid. Her skulle det mykje til å påverke det, men det såg ut til å variere på korte avstandar. Dette er noko ein må vurdere og ev. ta omsyn til.
Sola hadde ikkje tatt noko her, men eg gjekk primært i nord- og vestvendte fjellsider. Fann eit lite sørvendt heng nederst der sola hadde tint snøen.
Tests
• LBT@30cm(Q1) • Skulle mykje til for å få det ut her, men det verka å variere.
Snow Profile
• Ca. 1m tjukt snødekke her med profil. • Persistent weak layer: thin layer, below slab, near surface